Tilbake
Samlaget
Kristin Aafløy Opdan

Bo flyttar ut 2019-20

Lærerveiledning

Bo flyttar ut - visuell historiefortelling

BOKA: 

Katten Bo hadde det som plomma i egget før hunden flytta inn og tok plassen hans i senga til matmor. Då er det berre ein ting å gjere, nemleg å sjå om det finst husrom ein annan plass. 

Denne biletboka er ei vittig, fargesterk og treffande bok om det å føle seg oversett. Gjennom å møte farane ute i verda blir Bo klar over kor fint han eigentleg har det heime saman med hunden og matmor.

BESØKET: 

Gjennom dette besøket får elevane både ei litterær og visuell oppleving. Samstundes får dei ei kreativ oppgåve der dei skal uttrykke seg visuelt. Besøket er delt i to bolkar. 

I den første bolken presenterer Trude seg sjølv, og les høgt frå boka medan ho viser bileta på storskjerm. 

Den andre bolken er ein workshop i visuell historiefortelling. I boka er det teikna inn mange "skjulte" bihistorier/karakterar som ikkje blir nevnt i teksten. Med utgangspunkt i dette skal elevane sjølv byggje vidare på karakterar og med visuelle hjelpemiddel skape nye fortelingar/eventyr. Klassen byrjar saman med Trude å teikne og skape eit karaktergrunnlagog eit plott på ein flipover eller ei tavle. Etterpå arbeider elevane vidare med dette som utgangspunkt, enten kvar for seg eller i små grupper. Dei bruker blyant, fargeblyant, fargestiftar og teikneark. 

ANDRE LESEFORSLAG:

Linde Hagerup: En bror for mye (Cappelen Damm 2016) ; Hans Sande: Hopp i havet, Elise! (Cappelen Damm 2010) ; Veronika Erstad: Korleis bli kvitt ei veslesøster - og sleppe unna med det! (Cappelen Damm 2018) ; Ingvild Boberg: Tre er en for mye (Gyldendal 2017) ; Ida Jackson: Lena og Anne-Marthe (Aschehoug 2018).


Læreplanmål

LITTERATUR OG KUNNSKAPSLØFTET:

NORSK: *lese tekster av ulike typer på bokmål og nynorsk med sammenheng og forståelse ; *lese, reflektere over og samtale om egne og andres tekster ; *lage tekster som kombinerer ord, lyd og bilde, med og uten digitale verktøy ; *samtale om innhold og form i sammensatte tekster ; *gi uttrykk for egne tanker og opplevelser om barnelitteratur, teater, film, dataspill og TV-program ; *

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Buskerud fylkeskommune
  • Kunstnere/grupper: Trude Tjensvold
  • Idé/opplegg: Trude Tjensvold

Om kunstner / utøver / gruppe

FORFATTAR OG ILLUSTRATØR: 

Trude Tjensvold har vore illustratør og biletkunstnar sidan 1992. Ho er i dag tilknytta kunstnarfellesskapet Illustratørene i Oslo. Ho har brei erfaring innan illustrasjon, hatt fleire seperatutstillingar. og har undervisningserfaring blant anna frå Designinstituttet. Som forfattar debuterte ho på Samlaget i 2016 med Bo flyttar ut. Andreboka hennar, Vil du ha katt?, kom ut våren 2019. Det var ei lettlestbok i Leseland-serien. 

Publikumskommentarer